Åshild fra Nærbø leder prosjekt til 600 millioner

Du er her:
Åshild fra Nærbø leder prosjekt til 600 millioner

Då Åshild Gudmestad (52) frå Nærbø hadde nådd målet om å bli
revisor, var det ikkje innom tankane hennar at ho ein dag skulle leia
gigantiske byggjeprosjekt. No har ho ansvaret for at entreprenørane
Risa og Hæhre får ferdig den første delen av Rogfast.

– Det er absolutt flest med teknisk bakgrunn som har denne typen jobb.
Men det finst også ein del prosjektleiarar med økonomibakgrunn, slik
som eg. Du lærer jo mykje gjennom jobben, så eg kan ein god del om
det tekniske også, etter kvart, sjølv om det ikkje er fagbakgrunnen min,
seier Åshild Gudmestad.

Sidan 2005 har den revisorutdanna Nærbø-kvinna jobba hos Risa AS,
først som rekneskapssjef og økonomisjef, men dei siste ti åra ute på
prosjekt.
Ute i felt har Åshild Gudmestad stige i gradene – frå prosjektøkonom til
assisterande prosjektleiar og så til prosjektleiar.

Den første oppgåva som prosjektleiar fekk ho då Risa og Kruse Smith
bygde Ryfast mellom Stavanger og Strand. Det var ein kontrakt til over
500 millionar kroner, og parallelt fekk Åshild Gudmestad også ansvaret
for ein annan del av Ryfast; daganlegget på Tasta, på nordsida av
Eiganestunnelen.
Oppgåva ho no har fått er på ein endå større kontrakt, til 622 millionar
kroner. 19. oktober blei første spadestikk teke for entreprenørane Risa
og Hæhre sitt samarbeid om å byggja ein nær 3,5 kilometer lang
undersjøisk tunnel frå Kvitsøy og ned i Boknafjorden, pluss 1,6
kilometer med veg oppe i dagen på Kvitsøy, inkludert tre bruer. Dette er
første byggjetrinnet i gigantprosjektet Rogfast, som skal binda saman
Sør-Rogaland og Nord-Rogaland.
– Ei slags bedrift i bedrifta
Prosjektleiaren hos Risa fortel at ho har ein kjempespennande jobb.
– Eit stort prosjekt blir litt som ei bedrift i bedrifta, der prosjektleiaren
kan samanliknast med ein dagleg leiar. Som prosjektleiar har eg blant
anna overordna ansvar for at alle planar er på plass, for framdrifta, for
økonomien og for at folk og utstyr og material er på plass, slik at alle
kan få gjort jobben sin, fortel Gudmestad.
– Alt dette gjer eg i tett samarbeid med assisterande prosjektleiar,
anleggsleiarar som har ansvar for kvar sin del og folk som følgjer opp
det økonomiske og administrative. Eg hadde ikkje fått gjort noko som
helst utan alle dei gode folka eg har med meg, legg prosjektleiaren til.
I eit formelt samarbeid mellom to entreprenørbedrifter med ulik kultur,
er det også viktig å byggja ein ny fellesskap, og Åshild Gudmestad frå
Risa har med seg ein assisterande prosjektleiar frå Hæhre.
MASKINAR: Risa-maskinane er på plass på Kvitsøy, og prosjektleiar
Åshild Gudmestad har det overordna oppsynet med alt som skjer på
den store byggjeplassen. Foto: Privat
Ei uventa retning
Åshild Gudmestad utdanna seg til revisor. I fire år jobba ho i
revisjonsfirmaet PwC, før ferda gjekk vidare til det som den gongen
heitte Kverneland Nærbø, som controller og økonomiansvarleg. Så fekk
ho nye oppgåver i Kverneland Group sitt hovudkontor på Øksnavad,
med oppbygging av eit felles selskap for støttetenestene i konsernet.
Etter fleire år med mykje reising i jobben, og små ungar heime,
bestemte ho seg for å seia opp og vera heime med ungane i ein
periode. Men det gjekk ikkje lenge før Risa tok kontakt, og etter eit halvt
år som heimeverande, gjekk ho i gang i sin nye jobb i ein ny bransje.
– Eg er vel eit eksempel på at yrkeslivet ikkje alltid tek den retninga ein i
utgangspunktet hadde tenkt. At eg skulle bli prosjektleiar på store
vegprosjekt? Nei, det var ikkje dette eg trudde då eg utdanna meg til
revisor. Men eg er veldig glad for at det har blitt slik. Det er utruleg
spennande å ha ein jobb som famnar så vidt, fortel ho.
– Så unge som tenkjer at din jobb høyrest spennande ut, har fleire vegar
inn?
– Ja, absolutt. Det finst folk som har jobba seg opp via fagbrev og
teknisk fagskule, det finst folk som har gått rett på høgare teknisk
utdanning og det finst folk med økonomibakgrunn. Mi erfaring er at det
viktigaste i arbeidslivet er å jobba hardt, ha det kjekt på jobb, og sørgja
for å stadig få teke kurs og fagleg påfyll.
På Kvitsøy til 2024
Arbeidsvekene til Åshild startar no med å reisa til Kvitsøy måndag
morgon. Der blir det tre lange arbeidsdagar, til ho reiser heim onsdag
kveld. På torsdagane jobbar ho på kontoret på Nærbø. Fredagane skal
ho i prinsippet ha fri.
Arbeidsfolka på Kvitsøy gjer det omtrent likt, men dei sluttar av på
Kvitsøy og reiser heim litt tidleg på torsdagen, i staden.
– No i startfasen er det mykje rigging, og så må det sprengjast ut oppe i
dagen for å gjera det klart til å begynna på tunnelen. No er me nett
ferdige med det, og i veke 49 begynner me å driva tunnel. Den går i ein
sirkel og har eit fall på cirka sju prosent. Med skal ned til 270 meter
under havoverflata. Me er også i gang med å byggja vegen oppe på
Kvitsøy, som skal føra inn til tunnelen, fortel Gudmestad.
Denne første delen av Rogfast-utbygginga skal etter planen vera ferdig
til mai 2024. Tunnelen frå Kvitsøy skal knytast saman med det som blir
verdas lengste og verdas djupaste undersjøiske tunnel – mellom
Mekjarvik i Randaberg og Bokn. Den blir 26,7 kilometer lang og er
planlagt ferdig i 2031.
– Tunnelen me lagar på Kvitsøy, skal først brukast som anleggstunnel.
På den måten kan det drivast tunnel i fire retningar samtidig, frå land på
Bokn og Mekjarvik og begge vegar frå tunnelen ved Kvitsøy, forklarar Gudmestad.

Del dette:
Facebook
Twitter
LinkedIn
Email