Bli med inn i Bjørn Risa og lærlingene hans sitt paradis

Du er her:
Bli med inn i Bjørn Risa og lærlingene hans sitt paradis

SAUEBONDE: Nett no er det 53 villsauer på Eikeland gard, men dei skal bli mange fleire når lemminga snart startar. Sauene er raske med å koma når Bjørn Risa ropar og har med seg brød.

Eikeland gard har blitt ein stadig viktigare plass i Bjørn Risa si forretningsverksemd. Den fyller mange funksjonar.

Far til Bjørn Risa budde på Eikeland gard i Lund fram til han var fem år. Så var eigedommen ute av familien i 50 år, til 2005.

– Eg tenkte først at denne garden var noko eg kunne halda på med når eg blei pensjonist. Men heldigvis gjekk det an å få til meir enn det, seier Bjørn Risa.

Søv i eit gammalt fjos

No er det her, høgt og fritt oppe i heia, med utsikt over vatnet, at han ladar batteria og er saman med familien. Og gjer mykje av arbeidet som dagleg leiar i Risa Gruppen, når han ikkje er på kontoret på Nærbø. Og tek med leiargruppa på møte. Og tek med kundar.

– Me har ikkje hatt møte eller arrangement på hotell på fem år. Alt har me her. Og kundane likar det. Alle har sove på hotell, men ikkje så mange har sove i eit gammalt fjos. Eller i ein silo, seier Risa med eit smil.

SILOKROKEN: Denne runde kosekroken i konferanseavdelinga/stova er bygd oppå den gamle siloen.

For det gamle fjoset og låven er ombygd til daglegstove, konferansesal og soveavdeling. Der det tidlegare stod kyr, er det mange rom med køyesenger. Det same er det nede i siloen, som har fått vindauge mot verda og blitt til ein heilt spesiell overnattingsstad.

UNIKE ROM: Nærbø er med også til fjells, i soveavdelinga i det gamle fjoset. Legg merke golvet, som er malt, men elles ikkje gjort noko med. Møkkarennene er der framleis.

– Det blir ein eigen stemning når me er samla her. Her er det ingen som skal nokon annan stad – på byen eller tidleg i seng, seier Bjørn Risa.

Sikrar eiga rekruttering

Og det er på Eikeland gard han har bygd opp Risa sitt unike lærlingsenter. Nett no har dei 45 lærlingar, men aller helst ville Bjørn Risa hatt rundt 50. Då klarar bedrifta med godt 500 tilsette å sikra si eiga rekruttering av nye fagfolk. Det er ein heilt bevisst strategi.

ØVINGSOMRÅDET: Nede i denne dalen ligg lærlingane sitt øvingsområde. Her finst alt som trengst av maskinar, og gode mogelegheiter for å øva på heilt reelt grunnarbeid. Foto: Åge Bjørnevik

– Risa er ein utvida familie for meg, og eg er veldig glad i folka som jobbar her. Eg har lyst at dei tilsette skal kjenna seg heime i Risa og føla ei tilknyting til arbeidsplassen. At me bringer fram våre eigne fagfolk, er ein viktig del av dette, og då er det viktig at det er attraktivt å vera lærling i Risa. Tilbodet vårt er på Eikeland gjer at me skil oss ut frå andre, seier Risa.

LÆREMASKIN: Lærlingen er ein av gravemaskingane som dei unge Risa-lærlingane har tilgang til på Eikeland.

Risa sin opplæringssjef Vidar Skarås, som bur på Moi, har kontoret sitt i det gamle hønsehuset. Det er innreia som eit heilt vanleg anleggskontor i Risa-land, med HMS-tavle, møtebord og det heile.

– Lærlingane skal møta ein realistisk situasjon også her, så likt som mogeleg det dei møter ute på anleggsplassane våre. Samstundes får dei her øva i fred og ro, i kontrollerte omgjevnader. For mange er det godt å koma seg ut heimanfrå litt, også, og å få bu her saman med andre lærlingar. Dei rullerer på å vera på Eikeland, og er her seks veker om gangen. Då både bur og jobbar dei her, seier Bjørn Risa.

Førebur seg til fagprøven

Når Jærbladet er på besøk fredag formiddag, er det stille på den store garden. Men ein lærling treff me ved det store øvingsområdet: Aslak Tjørhom (19) frå Sirdal.

GJER SEG KLAR TIL FAGPRØVE: Læretida til Aslak Tjørhom (19) frå Sirdal går mot slutten, og han skal opp til fagprøve. Den skal han avleggja på Eikeland gard.

Han kom kvelden før, og er på Eikeland for å førebu seg til fagprøven som anleggsmaskinførar. Den skal han ha unnagjort til påske, og oppgåvene skal han løysa der på staden. Slikt gjer dei av og til, når forholda ligg til rette for det.

– Det er eit supert tilbod å få vera her. Her kan me køyra maskinar i fred og ro, utan noko stress, og få timar og erfaring. Eg trur ikkje det kunne blitt meir optimalt enn dette, er Tjørhom sin dom over lærlingesenteret, der han har vore med jamne mellomrom gjennom læretida.

Han har vore på anlegg i Sirdal og Oltedal gjennom læretida, men også på jamlege opphald på Eikeland.

TIL ETTERTANKE: Ein Risa-tilsett sat i denne bilen som blei begravd av steinmassar i eit sprengingsuhell hausten 2020. No står bilen utstilt på Eikeland gard til ettertanke og for å bidra til å unngå at noko liknande skjer igjen.

– Er blitt ein viktig del av livet mitt

– Høyr så stille det er, seier Bjørn Risa.

Berre litt vind er å høyra i den solfylte fredagsformiddagen.

HØGT OG FRITT: Bjørn Risa øvst på tunet på Eikeland gard. Her er det vidt utsyn over vatnet. E39 går gjennom bygda bak til høgre i bildet.

Me står på toppen av tunet, med utsikt over vatnet og E39 på andre sida. Bjørn Risa har nett funne fram ein god del gammalt brød, og kallar på saueflokken som går på beite ned i lia. Dei forstår kva som skjer, og kjem springande for å få sikra seg nokre godbitar.

Garden er på heile 8000 mål, veldig mykje av det skog og hei. For Bjørn Risa gjev det påskot og energi å vera her, fortel han, anten det er aleine, saman med familien eller saman med folk i den utvida Risa-familien. Her får bedriftsleiaren, som i sin ungdom utdanna seg til anleggsgartnar og steinleggjar, også prøva seg på gamle kunster bak gravemaskinspakar og i andre anleggsmaskinar.

– Denne garden er blitt ein viktig del av livet mitt, slår han fast.

GJER SEG KLAR TIL FAGPRØVE:

Læretida til Aslak Tjørhom (19) frå Sirdal går mot slutten, og han skal opp til fagprøve. Den skal han avleggja på Eikeland gard.

Del dette:
Facebook
Twitter
LinkedIn
Email